Make your own free website on Tripod.com
Nedstat Counter

  

 

 Velkommen til Tippelaget 10 Rette si heimeside!

Tippelaget 10 Rette er stifta av tippeinteresserte personar på Fitjar. Me har sjølv utvikla eit tippesystem, og prøver å få andre som deler vår interesse med på eit tippelag. Ved å ta i bruk internett, håpa me å få mulighet til å utvikla tippesystemet vidare. Me vona at dette kunne bli eit fint sosialt tiltak, som kunne gje oss kontakt med tippeinteresserte andre stader i landet.

Det har så langt ikkje vore noko respons, sjølv om statistikken syner at sida jevnleg vert vitja. Me har difor inntil vidare lagt aktiviteten "på is". Dersom me får med oss andre, set me i gong att. Gjerne nokon som ynskjer å ta ansvar for oppsett av utgangsrekka. Nytta email-adressa nedanfor!

Systemet me har utvikla er relativt enkelt, og kostar om lag kr 260,00 å levere inn. Får me med fleire, kan me utvide systemet. Tanken er at alle som vil vera med sjølv avgjer sin eigen innsats. Det er oppretta ein bankkonto, og dei som ynskjer å delta, kan betale inn eit beløp på denne kontoen, og vert med det deltaker på tippelaget. Du får i retur ei stadfesting på medlemskapet, med opplysning om kva tid du er innmeldt frå. Sjå medlemsvilkår for detaljar!

Det er laga til ei medlemsside, der me kan diskutere fotball, tipping, system, og andre spørsmål av interesse for deltakarane. Bruk linken nedanfor til å lese meldingar og delta i diskusjonar! (Du må ha eit TRIPOD-brukernavn for å få tilgang til denne diskusjonssida)

tippelaget10rette - medlemsdiskusjon

Høyres dette OK ut? Bli med, og sett ditt preg på Tippelaget 10 Rette !

Ta gjerne kontakt via Email (sigu-lar@online.no) med spørsmål og kommentarer.

 

 

 

MEDLEMSKAP I Tippelaget 10 Rette - RETNINGSLINER, MEDLEMSVILKÅR

 

RESULTAT SISTE 5 SPELEOMGANGER

 

 SISTE TIPPERUNDE: UTGANGSREKKE OG ENKELTREKKER